logo
Folka i VOOKAL

Emil Rasmussen

Han har lengst hår og flest tatoveringar i teamet. Ikkje at det har noko å seie. Men uansett, hels på Emil Rasmussen.

Portrettbilde av Emil Rasmussen

Han brukar å seie at han surfar på tilfeldigheitene i livet. Akkurat det gjorde at han hamna innanfor dørene våre i november 2023. Emil er sjølvlært, og ekstremt dyktig. Både bak kamera og med full-stack koding tryllar han fram det eine flotte resultatet etter det andre.


Då Emil var yngre skulle han bli rockestjerne. Det skjedde ikkje, og han bytta el-gitaren mot eit kamera. Det var starten på ei anna karriere!


Han har ingen dyr :/ Men det var ein periode han eigde eit 100 år gamalt småbruk på Jølster, det tel vel kanskje. Han er også manager for eit band som kombinerer metal og jazz. Forstå det den som kan.