Hopp til hovudinnhald

Personvern­erklæring

Her finn du korleis vi handsamar personopplysningar på vookal.no, korleis vi måler besøk utan informasjonskapslar, og kva rettar du har.

Sist oppdatert 8. september 2026

Kven som er ansvarleg

Vookal AS, org.nr. 983 670 059 MVA, Hafstadvegen 21, 6800 Førde, er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir samla inn på denne nettstaden. Har du spørsmål om personvern, kan du kontakte oss på christian@vookal.no eller telefon 46 41 07 41.

Kontaktskjema og e-post

Når du brukar kontaktskjemaet, samlar vi inn namn, e-postadresse, telefonnummer og meldinga di. Verksemd og nettside er valfrie felt. Opplysningane blir sende som e-post til kontakt@vookal.no gjennom e-posttenesta Resend, og vi brukar dei berre til å svare på førespurnaden din og følgje opp eit eventuelt samarbeid.

Grunnlaget for behandlinga er at du sjølv tek kontakt og ber om svar (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b), og vår rettkomne interesse i å følgje opp førespurnader (bokstav f). Vi tek vare på førespurnaden så lenge det er nødvendig for å svare deg og følgje opp saka, og slettar han seinast eitt år etter siste kontakt, med mindre førespurnaden fører til eit kundeforhold.

Det same gjeld når du sender oss e-post direkte eller ringjer oss. Vi ber om at du ikkje sender sensitive opplysningar gjennom skjemaet eller på e-post.

Kundar og samarbeids­partnarar

Er du kunde eller kontaktperson hos ein kunde, lagrar vi kontaktopplysningane dine i kundesystemet vårt og i e-post for å kunne levere tenestene, sende faktura og halde kontakten. Grunnlaget er avtalen med deg eller verksemda di, og lovpålagt oppbevaring etter bokføringslova.

Statistikk og informasjons­kapslar

Vi måler besøk på nettstaden med Matomo, som køyrer på vår eigen server (analytics.vookal.no). Målinga brukar ikkje informasjonskapslar, IP-adressa di blir anonymisert før ho blir lagra, og vi tek ikkje opp økter eller lagar varmekart. Tala blir ikkje delte med nokon, og vi kan ikkje kjenne deg att frå dei.

Grunnlaget er vår rettkomne interesse i å forstå korleis nettstaden blir brukt (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f). Sidan ingenting blir lagra på eininga di, treng vi ikkje samtykke, og nettstaden har difor ikkje samtykkebanner. Matomo respekterer òg innstillinga «Ikkje spor» (Do Not Track) i nettlesaren din.

Vi brukar òg Vercel Speed Insights til å måle kor raskt sidene lastar. Denne målinga brukar ikkje informasjonskapslar og lagrar ikkje IP-adressa di.

Vil du ikkje vere med i statistikken, kan du reservere deg her. Valet blir lagra i ein informasjonskapsel på eininga di, slik at vi hugsar det. Det er den einaste informasjonskapselen nettstaden set.

Drift og tryggleik

Nettstaden blir drifta på Vercel, og innhaldet blir lagra i Sanity. Ved besøk blir IP-adresse, tidspunkt og kva side du besøkjer, logga i ein kort periode for å halde nettstaden trygg og stabil. Grunnlaget er vår rettkomne interesse i å sikre drifta.

Opplysningar om tilsette

På nettstaden viser vi namn, stilling, bilete, e-post og telefonnummer til dei tilsette i Vookal. Dette gjer vi for at du enkelt skal kunne kontakte rett person, og er basert på avtale med kvar enkelt tilsett.

Kven vi deler opplysningar med

Vi sel aldri personopplysningar. Vi brukar desse leverandørane som databehandlarar for å drifte nettstaden og svare deg:

  • Vercel Inc. (drift av nettstaden og målingar av ytelse)
  • Matomo på vår eigen server (besøksstatistikk utan informasjonskapslar)
  • Sanity AS (publiseringsløysing for innhaldet på nettstaden)
  • Resend Inc. (utsending av e-post frå kontaktskjemaet)

Nokre av leverandørane har servarar utanfor EØS. Overføringa er sikra gjennom EU sine standardavtalar eller ved at leverandøren er sertifisert under EU-US Data Privacy Framework.

Rettane dine

Du har rett til å få innsyn i kva opplysningar vi har om deg, få retta feil, få opplysningane sletta, få avgrensa behandlinga, protestere mot behandlinga og få opplysningane utleverte i eit vanleg format (dataportabilitet). Har du gitt samtykke, kan du når som helst trekkje det tilbake.

Ta kontakt på kontakt@vookal.no for å bruke rettane dine. Vi svarar normalt innan 30 dagar. Meiner du at vi handsamar opplysningane dine i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.

Endringar

Vi kan oppdatere denne erklæringa når tenestene eller regelverket endrar seg. Datoen øvst på sida viser når ho sist vart endra.

Oversikt over informasjons­kapslar

Nettstaden set ingen informasjonskapslar av seg sjølv. Den einaste som kan bli sett, er «mtm_consent_removed» frå Matomo, dersom du sjølv vel å reservere deg mot statistikken over. Han fortel berre at du har reservert deg, og varar i to år.