logo
Folka i VOOKAL

Kathe Arnesen

Kathe er vårt nyaste ansikt. Ikkje bli skremt av hennar vanskelege namn (det uttalast forresten "Ket") - ho er både hyggeleg og grei. 

Portrettbilde av Kathe Arnesen

Kathe har lang erfaring innan kommunikasjonsbransjen, og har gjort ekstremt mykje spennande.
Ho er eit flott supplement til gjengen vår.

Kathe har vore på reis i nesten 40 land, og lagrar stadig ting i TUF'en (TUF = Totally useless facts database).
- Ein veit aldri når det kan komme til nytte, seier ho alltid.

Det som er fint med Kathe er at ho har ein unik kombinasjon av spontanitet og seriøsitet.
Det likar vi – og vi gler oss til å bli endå betre kjende.

Kathe er den einaste i gjengen som har østlandsdialekt. Det må vel gå an å endre på.