logo
Blogg

5 enkle tips for å kome i gang med innhaldsstrategi

Bilde av 5 enkle tips for å kome i gang med innhaldsstrategi

Vi vert oversvømde av innhald og informasjon kvar dag. På alle digitale flater og i alle kanalar. Kundane dine òg. Korleis skal du nå fram til akkurat di målgruppe med det du ønskjer å seie? 

Ein god innhaldsstrategi kan vere nøkkelen til ikkje berre å nå ut til publikum, men også for å sikre at dei blir engasjerte og lojale kundar. Det kan vere lett å tenke at «strategiar er for omfattande, det treng ikkje vi», men dei treng ikkje vere så omfattande for at du skal ha nytte av dei. 


Her får du fem tips til korleis du kan kome i gang.


1. Set klare mål

Før du begynner å produsere innhald, må du vite kva du ønskjer å oppnå med det. Ønskjer du å auke merkevarekjennskap, informere om noko viktig, generere leads, eller er kanskje fokus på kundeservice? 


Klare mål gjer det enklare å vite kva retning innhaldsarbeidet skal ta og hjelper deg å måle om du treff blink med innhaldet du lagar.


2. Kjenn målgruppa di godt

For å treffe blink med innhaldet ditt, må du vite kven du skriv for. Dette inkluderer demografiske detaljar, interesser, behov og kva som triggar dei. Ved å forstå nøyaktig kven du skriv for, kan du lage meir relevant og engasjerande innhald. Dette aukar sjansen for at lesarane vil stoppe opp og faktisk ta inn bodskapen din, og interagere med innhaldet ditt og dele det med andre.


Det kan vere nyttig å gjere ein målgruppeanalyse og lage seg nokre kundepersonas for å gjere det lettare å lage innhald som gir dei resultata du ønskjer.


3. Innhaldet skal gje mottakarane verdi, ikkje berre stele merksemda deira

Det er ikkje nok å publisere innhald berre for å få ut noko sånn nokolunde regelmessig (sjølv om mange gjer akkurat det). Innhaldet må tilby noko verdifullt til dei som ser det eller les det. Dette kan vere løysingar på problem dei har, nyttig informasjon, faginnhald eller noko som underheld dei. Innhald som er nyttig for målgruppa er altså det som er nyttig for deg og bedrifta di også.


Hugs å optimalisere for søk. SEO er nemleg ikkje berre for websider. Det hjelper folk å finne innhaldet ditt når dei søker etter relevante tema. Ved å bruke riktige nøkkelord og skape verdifullt innhald, aukar du bedrifta sin synlegheit på nett.


4. Ver konsekvent i korleis du kommuniserer

Når innhaldet som kjem frå bedrift di har same tone og stil og gjerne kjem med ein gitt frekvens, vil målgruppa di oppfatte dykk som pålitelege. Dette bygger merkevarekjennskap og gjer at dei får tillit til bodskapen din.


5. Analyser og tilpass strategien din

Ein god innhaldsstrategi må justerast og trimmast. Hald eit auge på kva type innhald som fungerer best, kva som ikkje får så stor merksemd, og kva som gjev dei konverteringane du ønskjer. 


Gjer meir av det du ser at fungerer, og prøv ut nye ting. Kanskje gir andre medieformat, andre publiseringstidspunkt eller ein annan publiseringsfrekvens enno betre resultat? Ikkje ver redd for å prøve deg fram.


Ved å følge desse tipsa kan du lettare lage innhald som ikkje berre når ut til målgruppa, men óg skape langvarige relasjonar med dei. 


Er du framleis usikker på korleis du skal legge opp innhaldsmarknadsføringa di for å få maks effekt? Ta kontakt med vår strateginerd Kathe for å få gode råd.

Portrettbilde av Kathe Arnesen

Publisert for to månader sidan av

KATHE ARNESEN

|

Byråleiar kommunikasjon

Les meir om Kathe

Kategori: Nyttige tips