Hopp til hovudinnhald
All innsikt

Ole Jonny skal drive både Vookal og Natvik

Av Karen Nilsen

Håvard Henriksen og Ole Jonny Klopstad

Ole Jonny gjekk måndag offisielt inn i rolla som dagleg leiar hos E. Natvik Prenteverk. Det er gjennom selskapet Atema som Ole Jonny driv at han har kjøpt seg inn på eigarsida av Natvik. Han skal fortsette som før, som dagleg leiar i Vookal. Håvard Henriksen i Natvik blir produksjonssjef og styreleiar for trykkeriet. Begge eig dei no 50% kvar av E. Natvik Prenteverk.

- Det blir nok meir enn ein 100% stilling no i starten, ja. I ein overgangsfase blir det ein del turar mellom Florø og Førde, til dette landar litt og vi finn den beste vegen vidare, forklarar Ole Jonny. Men han er optimist på det nye prosjektet. Vi har lenge hatt eit godt samarbeid med Natvik, og dei har tenester som utfyller våre. Han har trua på selskapet, og no er planen til Ole Jonny å hjelpe trykkeriet i Florø med å få den overordna drifta i overskot. – Det er ingen plan om samanslåing, og både Vookal og Natvik vil drive som sjølvstendige selskap. Eg skal hjelpe til der eg kan for å sikre drift, og få alt til å gå rundt begge stader. Eg trivst i ein stadig endrande og pulserande bransje, og då må ein ta moglegheitene som dukkar opp. Med å spisse drifta enda meir, og betre samarbeid oss i mellom, har eg trua på dette lukkast, fortel han.


- Eg gler meg til samarbeidet og har trua på at vi kan utfylle kvarandre i drifta av selskapet. Vi kjenner kvarandre godt, og overlappar kvarandre godt på kompetanse og eigenskapar, avsluttar Håvard.

Oppdatert

Skrive av

Fortel oss kva du vil få til

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt
  • Trond Aase og familien med premiesjekken på 50.000 kroner frå Vookal

    Vann 50.000 kr på Bystien Førde Opp

    Vookal arrangerte Bystien Førde Opp saman med Førde IL og sponsa hovudpremien på 50.000 kroner. Alle med startnummer var med i trekninga, og vinnaren vart Trond Aase.

  • Publikum i teltet ser Noreg mot England på storskjerm under VM-feber i Florø. Foto: Fanny Feragen Solheim

    Frå VM-feber til Bil i Førde

    Kvifor er eit kommunikasjonsbyrå med på messer, motbakkeløp, folkefestar og jubileum? Svaret er enkelt: arrangement er kommunikasjon i praksis. Her kan du lese kva Vookal gjer på eit arrangement og kvifor vi gjer det.

  • Titlar er gratis. Spør kva som ligg bak

    Når du kjøper nettside, design eller marknadsføring, bør du vite kven som faktisk gjer jobben og kva dei kan. Her er tre spørsmål du bør stille, og kva svara er hos oss i Vookal.