Komplett identitet for Nordic Mining
For ei lita tid tilbake trengte Nordic Mining ein ny grafisk profil. Sidan den gong har vi utvikla og levert ein komplett visuell identitet til dei, der berre den eksisterande logoen var igjen frå tidlegare profil.
Mykje research og innsikt ligg bak den nye identiteten, som har blomstra ut til mellom anna ny og spennande fargepalett, designelement, mønster og font. Fem kjerneord blei kartlagt, og danna grunnlaget for det vidare arbeidet med profilen. Nordic Mining er både innovative, seriøse, berekraftige, stødige og opne – og den nye profilen måtte identifiserast med desse kjerneorda. Gjennom gode visuelle verkemiddel har vår designer Ann-Sofi laga ein profil som selskapet kan kjenne seg igjen i, og bruke på mange forskjellige måtar.
Ann-Sofi og Karen har saman med resten av teamet i VOOKAL gjort ein strålande jobb med å utvikle ny visuell profil for Nordic Mining! Vi har fått ei skikkeleg oppgradering samtidig som sjela i selskapet har blitt bevart. Vi ser fram til å ta profilen i bruk både lokalt og internasjonalt!
Kommunikasjonsleiar, Nordic Mining
Vi har blitt godt kjent med selskapet som skal drive ei moderne og innovativ mineralnæring. Det har vore spannende og utfordrande å gå i djupna av prosjektet. Dei er både lokale og internasjonale – og har mange omsyn å ta i si kommunikasjon.
Takk for eit spennande og kjekt prosjekt!