Endeleg nokon som kan oppdatere oss på det siste innan country
Vårt nyaste ansikt heiter Gjertrud Andreassen Huus. Ho skal vikariere for Lene som straks skal over i ei ny fase i livet, og ut i mammapermisjon. Vi tok ein liten prat for å bli betre kjent med den blide 24-åringen som starta i førre veke.
På ein gard, eit kort stykke før Skei finn du verdas finaste utsikt over Jølstravatnet. Der er Gjertrud oppvaksen. Ho gjekk på barne- og ungdomsskule på Skei, og for å bruke hennar eigne ord; det gjer jo litt med folk. Kva no enn det skal bety.
Deretter gjekk ho media- og kommunikasjon, følgt av nokre år i heimesjukepleia. Dette går igjen for resterande av den digitale marknadsavdelinga vår. Karen gjorde det same, og vi skal tru dei har nok å snakke om. Gjertrud visste at det var marknadsføring ho ville jobbe med, og tok eit par fag innan marknadsføring på nett. Deretter flytta ho til hovudstaden, og tok digital innhaldsproduksjon der.
Ho fann ut at storbylivet ikkje var for ho i lengda. Dei andre i Bjørvika likte verken country eller cowgirls, og ho flytta heim for å bli ein del av laget vårt. Ho ville ha ein jobb der ho kunne gå i blazer. Og jammen – det fekk ho! Om du sit igjen etter å ha lese denne saka og undrar på kva ho likar, har vi svaret på det òg. Gjertrud verdset å drikke kaffi på verandaen til faren, shoppe, gå på tur med hunden Timon (utan Pumba), plukke blåbær, vere hobbyfotograf og ri hest. Men ikkje kall ho for «hestejente». Det likar ho ikkje.
Det er kjekt med ei på kontoret som kan lære oss opp på det siste innan countrymusikk. Og sjølvsagt meir. Ho trivast i kreative miljø, og likar å finne nye måtar å vekke merksemd og synlegheit på. Gjertrud blir både i Førde og Florø, og gler seg til å ta fatt på alle våre varierte arbeidsoppgåver.