logo
Blogg

Trendar 2023

Bilde av Trendar 2023

I dag tipsar vår eiga marknadsavdeling om 5 ting vi trur kjem til å prege marknadsføringstrendar i året som kjem.


I dag tipsar vår eiga marknadsavdeling om 5 ting vi trur kjem til å prege marknadsføringstrendar i året som kjem.

 

Ein - Digitalt nærvær

Ditt digitale nærvær blir stadig viktigare. Nordmenn brukar ekstremt mykje tid på både pc-en og telefonen, både privat og i jobbsamanheng. Vi brukar over 3 timar på internett kvar dag, og 90% av oss brukar sosiale medium kvar veke (Ipsos).


Difor er det viktig å ha ein god og tydeleg profil på nett, kvar ein må vere konsekvent og trufast i eigen kommunikasjon. Det er ein jungel av innhald som blir produsert kvar einaste dag over svært mange forskjellige kanalar. Vit difor kva for kanalstrategi som er optimal for di bedrift. Det er vanskeleg og tidkrevjande å lage godt innhald i samtlege kanalar, heile tida. Finn di målgruppe, og rett kommunikasjonen dit. Bruk tid på å lage inspirerande og relevant innhald som kan gi noko av verdi til målgruppa di. Skap engasjement, og hugs at kvalitet slår kvantitet.


Så... kva kanalar bør du ha fokus på i 2023? Først og fremst, sjølv om mange trur det, er ikkje Facebook død. I følge Ipsos sin SoMe Tracker er den enno leiande innan sosiale medium vi nordmenn brukar dagleg. Vi trur difor det kan vere lurt å inkludere kanalen i planen din for 2023, men ver obs på at dagleg bruk blant ungdom mellom 18-29 år har ei svært nedgåande kurve. Det er altså ikkje her du finn denne målgruppa.


Snapchat rykkjer forbi Messenger, og under dei igjen finn vi Instagram og Youtube. Deretter kjem TikTok – og vi trur denne kanalen er komen for å bli. Av sosiale medium i «jobbmodus» er LinkedIn framleis staden å vere, og av nykommarar helsar vi på BeReal.


Vår digitale byråleiar Lene sitt beste tips for å vere synleg i sosiale medium er å utnytte alle formata. Ikkje ver redd for å ta plass i feeden! Om du først er til stades på for eksempel Facebook: Bruk både innlegg, video og Reels – i rett storleik 


to - cookiedøden


Cookies er eit kjent fenomen, og då snakkar vi (dessverre) ikkje om nysteikte kjeks. Ein 3. parts cookie er ein informasjonskapsel som lagrast på ulike nettstader. På denne måten veit Google kva for nettsider du har besøkt, og dette er relevant når ein for eksempel køyrer målretta annonsering og segmenterer målgrupper. Avskaffinga av Google sin 3. parts cookie er begynt, og i løpet av 2023 vil den treffe Google Chrome. Dette forminskar mogelegheitane ved at mindre data lagrast på tvers av annonseplattformer.


Det blir spennande å sjå nøyaktig kva utfallet blir. Vi trur noko av løysinga ligg i å eige sine eigne kundedata. Skal ein treffe godt med annonseringa framover må ein jobbe med CRM (kunderelasjonshandtering) og ta godt og trygt vare på dataen ein samlar inn sjølv. Stikkord som innhalds- og kontekstuell marknadsføring, samt søkemotoroptimalisering vil vere viktig framover her


tre - SEO, søkemotoroptimalisering


Kva er det eigentleg, og kvifor er det viktig i året som kjem? Kort fortalt, SEO er teksten som gjer deg synleg i digitale kanalar - for ja, det gjeld for dei aller fleste digitale kanalar. Ein stor del av SEO er teksten du skriv og nøkkelorda du legg til. Dess fleire relevante nøkkelord du brukar, dess større sjanse er det for at du blir synleg.


Mange kjenner gjerne til SEO frå arbeid med nettside, då det er dette som gjer at du kjem opp/vert vist i Google søk. Men visste du at SEO er like viktig i sosiale medium?


For eksempel: For tida så kryr Lene sin Instagram konto av interiør og oppussings-profilar. Dette kjem av at ho følger mange profilar som er kategorisert innan interiør og oppussing. Men ho får også forslag til mange andre profilar eller innlegg om oppussing/interiør. Kvifor? Fordi dei inneheld ordet interiør eller oppussing, anten som hashtag, i bildeteksten, eller at dei har lagt det inn som alt tekst. Alt tekst/alternativ tekst er det vi kan kalle for nøkkelord som ligg «backend» i sosiale kanalar. Her har ein moglegheit til å tagge bilda sine med alternativ tekst. Denne teksten skal vere beskrivande for kva du ser i bildet, men samtidig er det viktig å knytte inn relevante nøkkelord som passar til innhaldet ditt. Handlar bildet om interiør, så skriv du ein alt tekst som dreier seg om det interiøret som visast på bildet.


Hugs difor å ta med deg bildetekst, hashtags og alt tekst inn i 2023!


fire - Planlegg ditt SoMe innhald


Ein annan ting vår digitale marknadsavdeling tar med seg inn i 2023 er moglegheita til å planlegge innhald. No kan du førehandspublisere innhald rett i Instagram, og på LinkedIn. Endeleg!


Korleis gjer du det – Instagram


  1. Lag ein vanleg post
  2. Scroll ned til «avanserte innstillinger»
  3. Merk av for «planlegg dette innlegget»


Korleis gjer du det – LinkedIn

  1. Start eit innlegg
  2. Klikk på klokketegnet ved sidan av «legg ut»


fem - Leig ei marknadsavdeling


Den siste trenden vi trur blir endå meir relevant framover er moglegheita til å leige ein ressurs eller ei heil marknadsavdeling. Dette ser vi trendar både internt hos oss, og på nasjonalt plan.


Kva kan det løyse for deg? Behov og arbeid endrar seg. Trykksaker, websider, digitale verktøy, annonsering og mykje anna – moderne marknadsarbeid består av mange fagområde, og det er utfordrande å sikre kvalitet i alle ledd. Plutseleg treng du meir marknadsføringskompetanse, og då står vi klare til å bidra der det trengs. Treng du hjelp i ein kort – eller lengre periode kan dette vere ei optimal løysing. Vi kan også styre marknadsføringa di, delvis eller heilt.


Tenkjer du at de skulle ha auka kompetansen på sosiale medium, Google og den digitale sfæren utan å ha behov for å leige ein ressurs eller ei avdeling? Frykt ikkje – vi held gjerne kurs eller workshops, som gjer at du og di bedrift sit att med meir kunnskap om akkurat dette.

Portrettbilde av Karen Nilsen

Publisert for over eitt år sidan av

KAREN NILSEN

|

Digital byråleiar

Les meir om Karen

Kategori: Nyttige tips