logo

Prosjekt

Komplett identitet for Nordic Mining

Nordic Mining

For ei lita tid tilbake trengte Nordic Mining ein ny grafisk profil. Sidan den gong har vi utvikla og levert ein komplett visuell identitet til dei, der berre den eksisterande logoen var igjen frå tidlegare profil.

Mykje research og innsikt ligg bak den nye identiteten, som har blomstra ut til mellom anna ny og spennande fargepalett, designelement, mønster og font. Selskapet blei kartlagt, og vi trakk ut fem kjerneord som danna grunnlaget for det vidare arbeidet med profilen. Nordic Mining er både innovative, seriøse, berekraftige, stødige og opne – og den nye profilen måtte identifiserast med desse kjerneorda. Gjennom gode visuelle verkemiddel har vår designer Ann-Sofi laga ein profil som selskapet kan kjenne seg igjen i, og bruke på mange forskjellige måtar.


banner Nordic Mining

hvordan ble designelementet lagetDesignelement



Ann-Sofi og Karen har saman med resten av teamet i VOOKAL gjort ein strålande jobb med å utvikle ny visuell profil for Nordic Mining! Vi har fått ei skikkeleg oppgradering samtidig som sjela i selskapet har blitt bevart. Vi ser fram til å ta profilen i bruk både lokalt og internasjonalt!

Tone Løtuft

Kommunikasjonsleiar, Nordic Mining


Vi har blitt godt kjent med selskapet som skal drive ei moderne og innovativ mineralnæring. Det har vore spannende og utfordrande å gå i djupna av prosjektet. Dei er både lokale og internasjonale – og har mange omsyn å ta i si kommunikasjon.


Takk for eit spennande og kjekt prosjekt!

konfransierkortrolluppowerpointsosiale medier

brosjyre

Involverte i prosjektet

Portrett av Karen Nilsen

KAREN NILSEN

I foreldrepermisjon

karen@vookal.no

48 29 17 94

Les meir om Karen

Har du ein lur idé, eller treng hjelp til å finne på noko lurt?

Ta kontakt med oss

Her er fleire prosjekt som du kanskje finn interessant