logo

Prosjekt

Ny profil, ny nettside og meir synlegheit

Fossedal Trafikkskule

Fossedal Trafikkskule har gått gjennom ei omfattande omprofilering. Alt frå logo og visuell profil, til nettside, trykksaker og bilfoliering har fått eit moderne og heilskapleg uttrykk. Resultatet er eit gjennomført og dynamisk uttrykk som syner godt igjen – både fysisk og digitalt.

Lysskilt Fossedal Trafikkskule

Ann-Sofi gjorde jobben med å rebrande selskapet. Ho lagde ein sprek identitet. Det blei ein profil med sterke fargar, og enkel men kraftig logo utan mykje dilldall. Moderne, synleg og enkel å kjenne igjen. Alt materiell blei oppdatert, og det inkluderte bilfolie, vegskilt, trykksaker, rollups og vindaugsfolie. I tillegg til å vere synlegare på vegen, har Lene gjort selskapet synlegare på internett.

Ho køyrer (hihi) annonser og innhald i sosiale medium og bidreg inn mot arrangement.

Frå idé til heilskap

Målet var å samle alt av visuell kommunikasjon og marknadsføring under éin paraply – for eit uttrykk som heng saman og eit budskap som når fram.

VOOKAL leverte design, foto, film, trykk og webutvikling i eitt koordinert løp. Nettsida blei designa for å vere enkel å bruke, med intuitive menyar og effektive skjema for kurs og påmelding.

– Vi har sloppe «for mange kokkar og for mykje søl». Det er veldig greitt å fortelje kva ein ser for seg, og få gode forslag som hjelper oss vidare. Godt med ein kreativ sparringspartnar, seier han med eit smil.

Skjermdump av fossedaltrafikkskule.no


Dette leverte vi

Visuell identitet

  • Ny logo med kraft og enkelheit
  • Fargepalett som gjer seg i trafikken og på skjerm
  • Profil på bilfolie, lysskilt, trykksaker, rollups og vindaugsfolie

Nettside

  • Brukarvennleg struktur og design
  • Effektive kurs- og kontaktskjema
  • Klart, tydeleg språk

Marknadsføring og innhald

  • Annonser og innhald i sosiale medium
  • Foto og film til både trykk og digitale kanalar
  • Koordinert trykk av alt materiell



Resultatet

No er Fossedal Trafikkskule synlegare enn nokon gong – både i bybiletet og på nett.
Bilane, skilta og nettsida gir eit samla, profesjonelt uttrykk som gjer det lettare for kundane å finne fram og melde seg på kurs.

Å ha ein komplett leverandør som kan fikse det meste, har vore ein kjempefordel. Vi har fått noko som ikkje berre fungerer kreativt, men også praktisk og strategisk.

Dette prosjektet syner verdien av å satse på kvalitet og lokal kompetanse for å løfte bedrifta til nye høgder.

Anders Fossedal

Dagleg leiar, Fossedal Trafikkskule



Ei totalpakke frå VOOKAL – frå idé til ferdig produkt – har gitt Fossedal ein profil som både fungerer og blir lagt merke til.

Anders Fossedal ved ein rollupVindusfolie på Fossedal Trafikkskule sitt kontor

Involverte i prosjektet

Portrett av Emil Rasmussen

EMIL RASMUSSEN

Utviklar / fotograf

emil@vookal.no

47 25 80 73

Les meir om Emil

Portrett av Karen Nilsen

KAREN NILSEN

I foreldrepermisjon

karen@vookal.no

48 29 17 94

Les meir om Karen

Portrett av Ole Jonny Klopstad

OLE JONNY KLOPSTAD

Dagleg leiar

ole@vookal.no

95 93 99 99

Les meir om Ole

Portrett av Lene Ellingsund

LENE ELLINGSUND

Digital byråleiar

lene@vookal.no

45 47 44 50

Les meir om Lene

Har du ein lur idé, eller treng hjelp til å finne på noko lurt?

Ta kontakt med oss

Her er fleire prosjekt som du kanskje finn interessant