Meny
Prosjekt
Palmekystfestivalen 2023
Palmekystfestivalen
To 20-åringar som skal lage festival i Florø? Draumescenario - og så klart noko vi vil vere med å støtte. Vi var med på suksessen i fjor og i forfjor, og vi gjentek det i år. Vi i VOOKAL er ein av dei største "palmane" til festivalen. Vi har laga logo, visuell identitet, nettstad, digitalt og fysisk materiell, og noko innhald til sosiale medium.
Ann-Sofi utnytta sin ungdommelege kreativitet og laga ein spenstig profil som snakka til målgruppa. Det er ikkje få trykksaker som skal i boks når ein arrangerer festival. Men vi synest det er eit kjekt prosjekt å sysle med og er glade for å hjelpe Sivert og Leander på vegen. Med litt hjelp frå oss synest vi (ubeskjedent nok) at festivalen får eit hakk meir profesjonelt uttrykk.
No gler vi oss til å gaule «FREDAG» og «Kun Frida Kahlo... og meg?!» for full hals i juli.