Jobb i Sunnfjord
Jobb i Sunnfjord var eit spennande prosjekt for Sunnfjord Utvikling. Dei ville ha ein storslått kampanje for å bli meir synlege for potensielle tilflyttarar. Meir informasjon om dei mange karriere- og fritidsmoglegheitene i Sunnfjord måtte ut. Kampanjen Kickstart karrieren din i Sunnfjord var i gong.
- Kunde
- Sunnfjord Utvikling
- Tenester
- Innhaldsproduksjon

Lene og Karen farta Sunnfjord rundt og snakka med mange kjekke menneske. Dei fortalde om dei spennande og varierte jobbane sine, og synte fram alt ein kunne finne på etter jobb også. Vi oppdaterte nettstaden jobbisunnfjord.no og utvikla ein grafisk profil som gjenspegla målgruppa.

Vi fylte nettstaden med informasjon om ledige jobbar, kvar ein kan bu, korleis komme seg rundt, kva arrangement som var på trappene, og kva ambassadørane våre sa om livet i Sunnfjord. Vi laga videoar og produserte felles kampanjeinnhald for bedriftene vi besøkte. Innhaldet gjekk godt, både organisk og betalt, gjennom heile kampanjeperioden.

Involverte i prosjektet

Lene Ellingsund
Digital byråleiar

Karen Nilsen
Kommunikasjonsrådgjevar & innhaldsprodusent
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

H.O Management
Visuell profil, nettside og sponsorpakkar for H.O Management
- Identitet
- Logo
- Nettside
- Grafisk design
- Trykksaker

Elvetorget
Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
- Grafisk design
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Marknadsføring