Hopp til hovudinnhald
Folka i Vookal

Lene Ellingsund

Digital byråleiar (i permisjon)

Portrett av Lene Ellingsund

Lene er digital byråleiar i Vookal og leier den digitale satsinga i byrået. Ho jobbar mellom anna som ekstern marknadsførar for kundar som Aerly, med årshjul, kampanjar, sosiale medium og kundeklubb.

Ho har master i digital marknadsføring og analyse frå Regent's University London og bachelor i marknadsføring frå Handelshøyskolen BI. Før ho kom til byrået i 2021 jobba ho i internasjonale team i London og Cape Town.

Ho er trygg framfor folk og held gjerne kurs og innlegg om digital marknadsføring. Kundane hennar får ein rådgjevar som forstår tala, veit korleis innhaldet skal lagast og kor det fungerer.

Lene er i permisjon for tida. I mellomtida svarar resten av teamet på det du lurer på.

Fortel oss kva du vil få til

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt