logo
Folka i VOOKAL

Brom

Portrettbilde av Brom

Brom er den litt utypiske HR-sjefen. Han prøver å syte for at alle har det bra, men han er eigentleg ikkje så oppteken av nokon andre enn Kristin.

Det er litt synd at han er eit ekstremt tilfelle av mammadalt, og at Kristin ikkje kan gå ut av kontoret åleine. Bortsett frå det er han glad i å tisse på graset og leike med ball.

Brom er snart fem år og er ein havapoo. Han er veldig søt.