
Elvetorget
Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
- Grafisk design
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Marknadsføring
Marknadsføring er mykje, og spennet er stort. Det som fungerer for ein nettbutikk, fungerer ikkje for ein entreprenør. Vi set opp det du faktisk treng for å nå måla dine, og ikkje meir.

Digital marknadsføring endrar seg heile tida. Sosiale medium, Google, SEO og KI er berre noko av det vi er innom i løpet av ei veke, og vi held oss oppdaterte fordi det er jobben vår.
Dei fleste nordmenn er på sosiale medium kvar einaste veke, og Facebook er framleis den største flata for vaksne over 40. Kva plattform du bør vere på, kjem an på kven du vil nå. Det finn vi ut saman med deg.
Du treng ikkje halde styr på kva som fungerer kvar. Det gjer vi, og vi lagar innhaldet som treffer dei du vil nå.
Med Vookal som ekstern marknadsavdeling får du eit team som driftar marknadsføringa di frå månad til månad, medan du bruker tida på det verksemda di faktisk gjer.
I dag driftar vi sosiale medium og køyrer kampanjar på Google Ads, Meta, Snapchat, LinkedIn og TikTok for alt frå små verksemder til internasjonale selskap.
Vi set oss inn i profilen og tonen din, og lagar rutinar og publiseringsplan. Annonsane måler vi løpande, og vi justerer nøkkelord, målgrupper og budsjett etter det tala viser. Du får rapport og ei kort vurdering frå rådgjevar kvar månad.

Elvetorget

H.O Management, Våt Moro

Aerly

Bilgruppa i Førde


Fjord Base Gruppen
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.