Workshop
Alle verksemder tener på å jobbe strukturert med marknadsføring. Det er sjeldan viljen som manglar, men tida og ein plan.

I ein workshop samlar vi dei som eig marknadsføringa hos dykk, og lagar ein konkret plan saman: mål, målgrupper, kanalar, bodskap og kven som gjer kva. De går ut med noko de kan byrje på neste veke.
Vi held òg kurs der vi deler det vi kan om sosiale medium, annonsering, innhald og profilering, tilpassa bransjen og nivået dykkar. Rådgjevaren ser verksemda utanfrå, og det er ofte det som skal til for å prioritere rett.
Treng de ein plan de faktisk kan følgje?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.