logo

Blogg

Spennande prosjekt for Kinn Kommune

Saman med Photoevent har vi nyleg levert eit spennande prosjekt til Kinn kommune. Dei trengte å presentere kommunedelplanen sin samfunnsdel på ein forståeleg og lettfatteleg måte. Vi lagde difor to filmar og ein presentasjon – og fekk lære mykje om planane til Kinn kommune på vegen ✨

Filmane hadde kvart sitt tema. Omstilling og attraktiv kommune. Viktige tema, gode statistar, fotogene stader i kommunen vår og flinke folk bak kamera bidrog til at vi kom i mål med to flotte filmar.

Dette var eit nokså ambisiøst prosjekt med kort tidsfrist – midt i sommarferien. Vi er difor svært nøgd med resultatet, og at det ikkje gjekk ut over kvaliteten.

- Elles vil eg gjerne takke for eit flott samarbeid, som har resultert i kvalitetsprodukt! De har vore heilt fantastiske å samarbeide med, fortel Henrik Ulriksen i Kinn kommune.

Takk for eit viktig og nytt oppdrag for oss Kinn kommune!


Sjå videoane her:

Meir av det gode

Nye tider

Portrett av Karen Nilsen

KAREN NILSEN | I foreldrepermisjon

kontakt@vookal.no | 95 93 99 95

Les meir om Karen