Hopp til hovudinnhald
All innsikt

Annonsar i ChatGPT er komne til Noreg. Bør du teste?

Av Karen Nilsen, Christian V. Hope

ChatGPT. Foto: https://unsplash.com/@berctk

OpenAI har opna for annonsering i ChatGPT i Noreg. Ideen er god: du kjøper ein kjøpssituasjon, i kjøparen sine eigne ord. Men prisen, målinga og kven som faktisk ser annonsane, gjer at vi rår til å gå varsamt fram.

Kva er nytt

OpenAI har opna for annonsering i ChatGPT i Noreg, som del av ei større europeisk utrulling. Annonsane kan bli viste under svaret brukaren får, tydeleg merkte som sponsa innhald og skilde frå sjølve ChatGPT-svaret.

Det interessante er målrettinga. Ho byggjer i stor grad på konteksten og intensjonen i samtalen: kva brukaren prøver å finne ut av, samanlikne eller kjøpe. Det gjer annonseflata annleis enn mange tradisjonelle kanalar, der alder, kjønn, bustad og interesser ofte har vore viktigare signal. Her kjem annonsen tettare på sjølve vurderingssituasjonen. Så langt er logikken god.

Der det skurrar

Samtidig er dette framleis ei ung annonseflate. Dei første erfaringane vi har sett og høyrt om, tyder på at visingar og klikk kan vere dyrare enn i meir modne kanalar som sosiale medium. Men datagrunnlaget er førebels tynt, og det varierer truleg mykje etter bransje, målgruppe og konkurranse.

Målinga er òg under utvikling. OpenAI har begynt å tilby verktøy for konverteringsmåling og betre rapportering, men for mange annonsørar vil innsikta framleis vere meir avgrensa enn i Google og Meta. Du får ikkje nødvendigvis same kontroll over kva som utløyste visinga, korleis brukaren vurderte annonsen, eller kva kvalitet trafikken har over tid.

Med andre ord: du kan ende opp med å betale premiumpris i ein kanal som framleis må bevise effekten sin for akkurat di verksemd.

Og så er det eit viktig paradoks. Annonsane blir først og fremst viste til brukarar på Free- og Go-planane. Brukarar på Plus, Pro, Business, Enterprise og Edu skal ikkje sjå annonser. Det betyr at mange av dei mest profesjonelle og betalingsvillige brukarane kan vere utanfor annonseuniverset. For nokre annonsørar spelar det lita rolle. For andre, særleg i B2B og høgkompetansemarknader, kan det vere eit svakt punkt.

Kven passar det for

For folkelege produkt, breie kategoriar og mange små kjøp kan ChatGPT-annonsar vere verdt å teste. Det gjeld særleg dersom kundane dine ofte stiller spørsmål, samanliknar alternativ eller treng hjelp til å velje.

For B2B, nisjeprodukt og dyre avgjerder ville vi vore meir varsame. I slike tilfelle er kjøpsreisa ofte lengre, målgruppa smalare og behovet for tillit større. Då kan søk, eigne kanalar, nyheitsbrev, faginnhald og direkte relasjonsbygging framleis gi meir igjen for pengane.

Det betyr ikkje at ChatGPT-annonsar er uinteressant for B2B. Men då bør testen vere svært konkret: eitt tydeleg bodskap, éi målgruppe, éi landingsside og eit målepunkt du faktisk kan bruke.

Vårt råd

  • Test med eit lite budsjett og eit tydeleg mål, til dømes trafikk til ei landingsside du kan måle på.
  • Samanlikn kostnad per resultat med det du allereie får i Google, Meta, LinkedIn eller andre relevante kanalar. Ikkje vurder kanalen berre på kostnad per vising.
  • Skriv annonsane som svar på spørsmål, ikkje som slagord. Brukaren er gjerne i utforskingsmodus, ikkje nødvendigvis klar for eit hardt salspitch.
  • Ver budd på å skru av.

Dette er tidleg og erfaringane er framleis avgrensa. Vi følger med, testar sjølve og oppdaterer med nye artiklar når vi veit meir. Vil du diskutere om ChatGPT-annonsar passar for deg, er det berre å ta kontakt.

Oppdatert

Skrive av

Kva kan vi få til saman?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt