Eit emblem for 750 år med Landslova

For 750 år sidan var blant anna Audun Hugleiksson frå Ålhus med på å lage denne lova. Dette vart feira med jubileumshelg på Ålhus, med fagdag, middelaldermarknad, intimkonsertar og matgilde.
Vår grafisk designer Kristin står bak den grafiske profilen for feiringa på Ålhus og har utvikla eit elegant emblem, lekre fargar og stilfulle element som står i stil med den nasjonale identiteten for jubileet.
Emblemet består av ei samanfletting av bokstavene A og H som uttrykker ei kjensle av einheit og harmoni. Avslutninga på bokstavane er forma som ei stilisert lilje, Audun Hugleiksson sitt ”symbol”. Lilja er eit symbol på moderligheit, fruktbarheit, styrke, truskap, uskuld og håp.
Dette emblemet utstrålar ei kjensle av høgtid og stil, som saman med fargevalet formidlar verdigheit, seriøsitet, styrke og rettferdigheit.
Vi takkar Sunnfjord kommune for oppdraget.
Oppdatert


