Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Bil i Førde: Vestlandets mest inspirerande bilmesse

10. og 11. oktober 2026 samlar Bil i Førde dei nyaste bilmodellane og dei fremste bilmerka under eitt tak i Førdehuset. Messa blir arrangert av kommunikasjonsbyrået VOOKAL i samarbeid med Bilgruppa i Førde.

Kunde
Bilgruppa i Førde
Tenester
Grafisk design, Nettside, Sosiale medium, Marknadsføring
biliforde.no vist i nettlesar og på mobil

Om arrangementet

Bil i Førde er bilmessa der forhandlarane i Førde viser fram dei nyaste modellane, den siste teknologien og dei fremste merka, samla i Førdehuset. Publikum kan samanlikne modellar på tvers av forhandlarar og finne bilen som passar dei. Inngang kostar 50 kroner, alle med billett er med i trekninga av 10 000 kroner, og det er gratis parkering ved Førdehuset og på Festplassen.

Vår rolle

VOOKAL arrangerer messa i samarbeid med Bilgruppa i Førde, samanslutninga av bilforhandlarane i byen. Vi har utvikla konseptet, nettsida biliforde.no med praktisk informasjon og utstillaroversikt, marknadsføringa i sosiale medium og lokale kanalar, og det visuelle uttrykket for messa, frå skilt i hallen til annonsar.

Resultatet

Ein felles arena der forhandlarane slepp å konkurrere om merksemda kvar for seg, og der publikum får sjå alt på éin dag. Neste messe er laurdag 10. og søndag 11. oktober 2026, klokka 10 til 16 begge dagar.

biliforde.no vist i nettlesar og på mobil
biliforde.no vist i nettlesar og på mobil

Følg Bil i Førde på Facebook (opnar i ny fane) for siste nytt om utstillarar og program.

Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt