Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Profilutvikling

Sunnfjord Utvikling er som den venen som får arrangement ut av gruppechatten og inn i realiteten. I fjor arrangerte dei, saman med Framtidsfylket, Sunnfjord sin første karrierefestival. Ei veke fylt med bedriftspresentasjonar, kompetansepåfyll og festlege aktivitetar, fullspekka program med andre ord.

Kunde
Sunnfjord Utvikling, Framtidsfylket
Tenester
Grafisk design

Vi fekk lage identiteten til festivalen, og det var eit kjekt prosjekt. Både namn (som vi likte godt sjølv om det ikkje var på nynorsk), logo, fargepalett, element og font fekk vi på plass. Prosjektet ga Ann-Sofi stor kreativ fridom. Målet var å treffe målgruppa godt, og lage ei stemning som appellerte til ungdom og unge vaksne. Difor blei profilen både leiken, fargerik og moderne. Vi lagde flyers, beachflagg, rollups og sosiale medium-innhald som fekk ein heilskapleg profil gjennom festivalen.


Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt