logo

Prosjekt

Kulturmiljøplan

Sunnfjord Kommune

«Eit praktverk av ein plan». Det stod ikkje på lovorda når kulturmiljøplanen for Sunnfjord 2023–2030 vart ferdig handsama i kommunestyret. «Landet mellom elvane» er ikkje berre ein kommunal plan. Den er mykje meir.

Mockup av kulturmiljøplanen til Sunnfjord Kommune

Kristin har utforma og designa planen i samarbeid med forfattar Janne Karin Støylen i Svidal Skriveri. Dei har levert ein fantastisk jobb. Planen fortel ei viktig og ekte historie om våre forfedre som gjorde jobben, slik at vi kan ha det så godt som vi har det i dag. Planen er solid og skikkeleg, samtidig som den er levande og spennande. Den gir eit perspektiv på livet og minner oss på å nytte tida vår godt.


Ikkje overbevist? La oss sitere kommunedirektør Terje Heggheim: «Ein heilt spesiell plan. Eg har ikkje sett noko liknande før. Planen sin stil og form, i kombinasjon med ein lettfatteleg og nesten syngande tekst, inviterer deg beint fram til å halde fram med lesinga. På toppen av det er den krydra med nokre råflotte bilete frå kommunen. I sum vert det rett og slett ein vakker plan. Eg har liksom ikkje vore budd på å omtale ein kommunal plan på ein slik måte!»

Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng hjelp til å finne på noko lurt?

Ta kontakt med oss

Her er fleire prosjekt som du kanskje finn interessant