Ny nettside for Seram Coatings
Seram Coatings har fått ny merkevarestrategi og visuell identitet utvikla av NPG Marketing. VOOKAL har implementert designet på nett, slik at den nye profilen fungerer i praksis på alle flater.
- Kunde
- Seram Coatings
- Tenester
- Nettside

Utfordringa
Seram Coatings har utvikla ThermaSiC®, ein avansert coating-teknologi som gir betre slitestyrke, lengre levetid og meir effektive industrielle prosessar. Teknologien har stort potensial i internasjonale industrimarknader, men verdien var vanskeleg å formidle til så ulike målgrupper som tekniske avgjerdstakarar, industrikundar, samarbeidspartnarar og investorar.
NPG Marketing utvikla difor ein ny merkevarestrategi for selskapet, med posisjonering, bodskapsplattform, tone of voice og ein ny visuell identitet med logo, fargepalett, typografi og grafiske element.
Vår rolle
Ein god strategi og ein fin identitet er berre halve jobben. Profilen må fungere i kvardagen, på alle flater og i alle format. VOOKAL har utvikla og implementert designet frå NPG, slik at Seram Coatings kan bruke den nye profilen konsekvent i alt dei kommuniserer.
Vi har jobba tett med både NPG Marketing og Seram Coatings for å halde uttrykket heilskapleg, samstundes som kvar enkelt flate har fått det som trengst for å fungere godt i praksis.
Resultatet
Seram Coatings står att med ein tydelegare og meir heilskapleg merkevare, som gjer det enklare å forklare kva ThermaSiC® løyser og kven teknologien er relevant for. Prosjektet viser korleis godt samarbeid mellom byrå kan gi kunden det beste frå begge: ei sterk strategisk retning og ei gjennomføring som held heile vegen ut.
Takk til Seram Coatings og NPG Marketing for eit godt samarbeid!
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

Bilgruppa i Førde
Bil i Førde: Vestlandets mest inspirerande bilmesse
- Grafisk design
- Nettside
- Sosiale medium
- Marknadsføring
