Hopp til hovudinnhald
All innsikt

Utnyttar du krafta i eigne digitale kanalar?

Av Ann-Sofi Hjelle

Dei fleste bedrifter i dag er til stades i sosiale medium som Facebook, LinkedIn, Instagram, Snapchat og TikTok. Men er det nok å berre delta?

Svaret er at dei færraste utnyttar potensialet som ligg i eigne digitale kanalar fullt ut. Det var dette med tidsklemma då. Kanskje er det Arne eller Kari som har fått ansvaret for å halde bedrifta oppdatert på SoMe, sidan dei likevel sitt med data-en heile dagen. Så dei kan ta det innimellom administrative oppgåver, rekneskap, HMS og alt anna. Det ender ofte med eit kakebilete kvar gang nokon har bursdag, eller at ein hiv ut ein og anna post om at ein har eit godt tilbod.

Legg ein plan, produser godt digitalt innhald – og bruk annonsering

– Dei fleste kjenner seg nok igjen i dette: Ein klarar å halde seg i gang ei tid på sosiale medium om ein behandlar det som noko ein er pålagt, men så raknar det igjen, smiler Nina Madsen, innhaldsprodusent i Vookal.
– Som med alt anna i næringsverksemd, så må ein prioritere dette. Det inneber at ein har ein plan, at ein legg ut regelmessig og at innhaldet er godt. Vi styrer per i dag SoMe for ei rekke kundar, der vi produserer innhald, legg ut, føl opp, seier Nina og gir eit godt råd.
– Mange tenker at det er godt nok å berre legge ut ein post, og så er ein ferdig. Men skal du ha god distribusjon av innhaldet ditt på SoMe i dag, så er det viktig å også annonsere. Vi kan hjelpe deg med dette også, seier ho.

Bruk ordet si makt til din fordel

Alle bedrifter har si kjerneverksemd, og område dei er særs gode på. Og kundane dine kjenner jo godt til dette? Men er du sikker på at di bedrift sine gode historier blir fortalt?

Eit anna verktøy, som dei færraste verkeleg utnytter, er bloggfunksjon på nettsida si. Sosiale medium er eit flott reiskap for å få folk inn på nettsida di, men du treng også spennande, informativt innhald når dei først er komme dit.

– I Vookal har vi lang erfaring med å produsere tekst for kundane våre, anten det er tekstar til nettsider, sosiale medium, reklamekampanjar og ikkje minst innhald i form av artiklar. Innhaldsartiklar som fortel gode historier, deler gode kundeoppleveringar og leverer god informasjon om produkt og tenester er ein kraftfull måte å nå ut til kundane på, seier tekstforfattar Roy Sunde.

Får du Google til å jobbe for deg?

– Berre google det.
Ei frase som er dagleg tale for dei fleste av oss. Anten du sel noko, eller ynskjer merksemd mot ditt tema, så er det avgjerande at målgruppa di finn deg på ein enkel måte. Og korleis finn dei deg? Jo dei søkjer på nett, og statistikken fortel oss at det i Google sine system at ditt bodskap må være synleg. Visste du at berre 3% går vidare til side 2 når dei søkjer? Det er her SEO, eller Søkemotoroptimalisering, kjem inn. Det hjelp ikkje alltid at innhaldet er gulle godt; hamnar du på side 8 når nokon søkjer etter ditt produkt eller teneste, så vil i praksis ingen sjå det. Difor satsar vi tungt på å hjelpe våre kundar å «ranke» høgare, og aller helst heilt på topp. Det er slik ein når fram til målgruppa med relevant og nyttig informasjon. Vil du ranke høgare på Google? Ta kontakt med oss!

Oppdatert

Fortel oss kva du vil få til

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt
  • Publikum i teltet ser Noreg mot England på storskjerm under VM-feber i Florø. Foto: Fanny Feragen Solheim

    Frå VM-feber til Bil i Førde

    Kvifor er eit kommunikasjonsbyrå med på messer, motbakkeløp, folkefestar og jubileum? Svaret er enkelt: arrangement er kommunikasjon i praksis. Her kan du lese kva Vookal gjer på eit arrangement og kvifor vi gjer det.

  • Titlar er gratis. Spør kva som ligg bak

    Når du kjøper nettside, design eller marknadsføring, bør du vite kven som faktisk gjer jobben og kva dei kan. Her er tre spørsmål du bør stille, og kva svara er hos oss i Vookal.

  • ChatGPT. Foto: https://unsplash.com/@berctk

    Annonsar i ChatGPT er komne til Noreg. Bør du teste?

    OpenAI har opna for annonsering i ChatGPT i Noreg. Ideen er god: du kjøper ein kjøpssituasjon, i kjøparen sine eigne ord. Men prisen, målinga og kven som faktisk ser annonsane, gjer at vi rår til å gå varsamt fram.