Ny stand og nytt visuelt uttrykk for Bravo Seafood
Bravo Seafood viste fram sin nye stand på verdas største sjømatmesse, Seafood Expo Global i Barcelona. Standen, og eit nytt visuelt uttrykk for roll-ups og rapportar, er designa av oss i VOOKAL.
- Kunde
- Bravo Seafood
- Tenester
- Grafisk design, Trykksaker, Identitet

Utfordringa
Bravo Seafood er ein profesjonell lakseleverandør frå Noreg med kundar i USA, Europa, Midtausten og Asia. På Seafood Expo Global og Seafood Processing Global i Barcelona konkurrerer dei om merksemda med heile verdas sjømatnæring. Standen måtte synleggjere merkevara på nokre få sekund, og samtidig fungere som ein stad å ta gode samtalar.
Løysinga
I tett samarbeid med Bravo Seafood jobba vi fram eit nytt visuelt uttrykk som heng saman på tvers av stand, roll-ups og rapportar. Kjernen er hjartet «We love Salmon» i laksefarga tekstur, eit verdskart som viser kvar laksen reiser, og eit stort fotomotiv frå norskekysten som gir standen ro og djupn.
Standen kombinerer lyse trespilevegger med den blå fotoveggen, ein disk med verdskartet og eit opplyst tårn med namnet, slik at Bravo Seafood er synleg frå heile hallen.
Resultatet
Ei heilskapleg merkevare på messa, og eit uttrykk Bravo Seafood tek med seg vidare i rapportar og anna materiell. Takk for tilliten og samarbeidet!
Involverte i prosjektet

Kristin Gjelsvik
Senior designar

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

Bilgruppa i Førde
Bil i Førde: Vestlandets mest inspirerande bilmesse
- Grafisk design
- Nettside
- Sosiale medium
- Marknadsføring
