Visuell identitet, nettside og trykksaker
«Vakre Florø og omegn har alle forutsetningane for at dette skal vere verdas beste plass å bu på - det er berre ikkje alle som veit det endå. Det må vi gjere noko med. Slik oppstod prosjektet Flora U40 som vi gjorde for Aksello. Flora U40 er eit ungt nettverk som skal fremje trivsel og fellesskap.
- Kunde
- Aksello
- Tenester
- Grafisk design, Nettside, Trykksaker

Det er klart at eit slikt prosjekt trengte ein ung, cool og hipp (for å seie det på gamlemåten) profil. Det fiksa Ann-Sofi. Her fekk ho moglegheita til å utfordre det tradisjonelle og lage noko litt annleis. Ho fekk utfolde sine kreative evner, og resultatet blei ein moderne, leiken og fargerik profil.

Designet er utradisjonelt med eit snev av retro-inspirerte former. Med ein så fargerik profil kan ein ikkje anna enn å få energi av å sjå på den.
I Vookal hyllar vi slike initiativ og er med som "støttesild". Karen sit i ressursgruppa, og hjelper til med nettstad, sosiale medium og arrangement.



Involverte i prosjektet

Karen Nilsen
Kommunikasjonsrådgjevar & innhaldsprodusent

Ann-Sofi Hjelle
Grafisk designar

Lene Ellingsund
Digital byråleiar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

H.O Management
Visuell profil, nettside og sponsorpakkar for H.O Management
- Identitet
- Logo
- Nettside
- Grafisk design
- Trykksaker

Elvetorget
Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
- Grafisk design
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Marknadsføring