Meny
Prosjekt
Annonsering av bustadar for sal, redaksjonelle artiklar
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den leiande eigedomsmeklaren i vår region. Dei sel bustadar høgt og lågt i heile Vestland. Til liks med mange andre av våre kjekke kundar hjelper vi dei med marknadsføring på ulike felt.
Lene og Karen står for marknadsføring av alle bustadar. Både nye og selde skal få skine på sosiale medium og i Google-nettverket. Med fleire kanalar sikrar vi god synlegheit både for dei som leitar etter ny bustad, og dei som ikkje var klar over at dei gjorde det. Duoen styrer Eigedomsmekling Sogn og Fjordane sine organiske kanalar og sikrar kontinuerlege oppdateringar. Karen skriv også innhaldssaker, og Kristin stiller opp når noko skal designast eller trykkast.